Naturkrefter raserte gravminne. No er det sett i stand

På plass: Gravminnet til Christopher og Margarete Rønneberg har blitt sett i respektabel stand att, mellom anna takka vere innsatsen til f.v. Otto Stornes, Christfried Kaul, Villum Schelderup, Bård Wasmuth Notøy og Jan Erling Davidsen. Foto: Jorulf Myrene 

Nyhende

Sarkofagen i støypejarn vart delvis knust då ei stor grein brotna og fall ned frå eit tre under uvêret «Tor» i januar 2016. No, snart seks år etter, er det nær 200 år gamle gravminnet over Christopher og Margarete Rønneberg endeleg restaurert og tilbake på den gamle kyrkjegarden på Ulstein.