– Fastlegeordninga er ikkje i ferd med å kollapse i Ulstein

God vaktordning, godt arbeidsmiljø og føreseieleg økonomi, trur kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde er ein del av suksesshistoria for at fastlegeordninga fungerer bra i Ulstein.

Kommuneoverlegen: Norunn Kirkebø Elde trur det er viktig for unge legar er å kome til eit trygt miljø, der dei slepp å stå aleine. Å vere sjølvstendig næringsdrivande er risikabelt. – Hovudcluet er trivsel og overkomeleg arbeidsmengd, meiner ho. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Medan ein i riksmedia høyrer om overarbeidde legar som arbeider 55 timar i veka, og at fastlegeordninga er i ferd med å kollapse, er biletet eit anna i Ulstein kommune.