Ulstein legesenter AS

– Ordninga fungerer fint for oss

– Strukturen og organiseringa ved Ulstein Legesenter AS passar for oss, men det er ikkje sikkert ho passar for andre, seier Michael Dahl ved Ulstein legesenter.

Legesenteret: Michael Dahl er leiar ved Ulstein legesenter. Han kjenner seg på ingen måte igjen i framstillinga i media av legar som arbeider 60-70 timar i veka. Han meiner dei har kome fram til ei god ordning ved Ulstein legesenter AS, der dei samarbeider med avlastar kvarandre. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Her er flat struktur, ingen konge på haugen. Alle legane på senteret er med i leiinga.

Nyhende

Han kjenner seg ikkje igjen i framstillinga som har vore i media siste dagane med overarbeidde legar som arbeider 60–70 timar i veka. Det er ingen på Ulstein legesenter som arbeider så mykje.