Mikkel, Peder, Robin og resten av Hødd er klare for OBOS-kvaliken:

– Vi skal spele vårt spel

To av dei har ei fortid hos laurdagens kvalikmotstandar – og den tredje vil pynte på toppscorarstatistikken med å score mot dei. Vi møtte tre Hødd-profilar som ønsker å gi Arendal kamp i kvaliken.

Klare for Arendal: Frå venstre ser ein assistenttrenar Mikkel Bjørnstad, forsvarar Peder Nersveen og angripar Robin Hjelmeseth. Medan dei to førstnemnde så seint som i fjor var tilsett som høvesvis juniortrenar og spelar i nettopp Arendal – skal sistnemnde forsøke å score mål mot sørlendingane.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Mikkel Bjørnstad var til januar 2020 tilsett i Arendal Fotball som juniortrenar, men bidrog også rundt A-laget – både på feltet og gjennom analyse. I februar i fjor signerte han ein kontrakt med Hødd – og blei Kevin Knappen sin assistenttrenar.