Fekk problem med å legge til kai

Ferjene på Hareid - Sulesund måtte gå til Solavågen grunna dårlege vêrtilhøve. Fjord1 melder om normal trafikk frå 15:30.

Ferjene på Hareid - Sulesund har fått problem i det dårlege vêret fredag ettermiddag.   Foto: Erlend Friestad

Nyhende

Oppdatering 15.30: I ei driftsmelding frå Fjord1 går det fram at ein går over til normal drift på Hareid - Sulesund. Det blir likevel gjort merksam på at ein bør pårekne forseinkingar i sambandet utover ettermiddagen.

Oppdatering 17.15: Boreal melder at hurtigbåten mellom Hareid og Ålesund er tilbake i drift frå avgangen 17.30 frå Ålesund.

Ferja på strekninga Hareid – Sulesund har fredag ettermiddag problem med å legge til kai på Sulesund. Regionleiar Jan Petter Jagedal Thomsen i Fjord1 stadfestar dette til NRK Møre og Romsdal.

Vikebladet Vestposten har fått tips om at ei av ferjene small i kaia då den prøvde å legge til på Sulesund.

NRK Møre og Romsdal skriv at ferja trefte ein lyktestolpe då den forsøkte å legge til.

MF Hadarøy har ifølgje Marinetraffic forsøkt å gå inn til det gamle ferjeleiet, men har ikkje kome seg til land og vart i staden liggande ute i fjorden. Også Giskøy var på veg til Sulesund.

Passasjerane om bord i ferjene har fått beskjed om at ferjene vil gå inn til Solavågen i staden for Sulesund.

Innstillingar på ferje og hurtigbåt

I ei driftsmelding frå Fjord1 gjer ferjeselskapet det klart at trafikken på Hareid – Sulesund blir innstilt som følgje av vêrtilhøva. Dei vil kome tilbake med meir informasjon.

Vêret skaper også trøbbel for hurtigbåten mellom Hareid og Ålesund. Denne er innstilt inntil vidare.

Det er usikkert når trafikken på ferjene og hurtigbåten vil takast opp att. Det har blitt åtvara om vindkast opp mot orkan styrke på Sunnmøre fredag ettermiddag. Vinden vil truleg minke utover kvelden.