Fann kvinne etter leiteaksjon

Politi og leitemannskapar var laurdag involvert i ein leiteaksjon etter ei 50 år gammal kvinne i Ulsteinvik. Ho hadde vore sakna sidan like etter midnatt.  

Nyhende

Oppdatering: Politiet i Møre og Romsdal melder 12:48 at den sakna kvinna vart funne i god behald etter god og avgjerande hjelp frå publikum. Politiet rettar ei stor takk til alle som har bidrege med informasjon og observasjonar. Dei takkar samstundes frivillige frå Røde Kors og Norske redningshundar, som også har bidrege i leitinga.

-

Politiet i Møre og Romsdal har laurdag gått ut med at dei leitar etter ei sakna kvinne i Ulsteinvik.

Det er ei 50 år gammal kvinne som er sakna. Politiet skildrar ho som 173 centimeter høg. Kvinna brukar briller, har ei mørk grå jakke og moglegvis ei kvit hue. Politiet melder at ho har svarte boots og kan ha ein kvit og blå ryggsekk.

Politiet ber spesielt folk som bur i området kring Prost Ankers gate om å sjekke garasjar, buer og liknande.

Ifølgje politiet kan observasjonar meldast på telefon 02800.

Til Sunnmørsposten seier John Bratland, vakthavande ved Politiet i Møre og Romsdal, at kvinna har vore sakna sidan like etter midnatt natt til laurdag. Då forlét ho ein bustad i Prost Ankers gate, ifølgje politiet.

Politiet gjekk først ut med at det var ei kvinne på 27 år som var sakna, men har seinare retta dette til at det er ei 50 år gammal kvinne.