Smitte etter arrangement i Herøy

Nyhende

Herøy kommune skriv søndag i ei pressemelding at det er påvist smitte på personar frå Ulstein, Herøy og Ålesund etter eit religiøst arrangement i Herøy tidlegare denne veka. Smitten er påvist i samband med smittesporing og testing etter arrangementet, som vart gjennomført i ein privat heim over to dagar, og som hadde deltakarar frå fleire kommunar.