Storordre for Jets

Jets Group skal levere 1168 toalett og 198 Vacuumarator-pumper til det danske selskapet Scanvogn. Pressefoto.  

Nyhende

Jets Group har signert sin største avtale for levering til festival- og arrangementsmarknaden, med ein ny ordre som har verdi på meir enn 17,6 millionar kroner. Det går fram av ein pressemelding frå Jets, der Frode Bakke, salssjef for mobile løysingar, gler seg stort over den nye avtalen.