Inviterte til digitalt folkemøte rundt budsjettet for 2022:

– Det blir ei krevjande omstilling vidare

Sjølv om Hareid kommune driv svært effektivt - er blant anna lånegjelda høgare enn den bør vere. Dette og fleire tema blei tatt opp under det digitale folkemøtet kommuneadministrasjonen inviterte til tysdag.

Digitalt folkemøte: Fleire representantar frå administrasjonen i Hareid kommune stilte til digitalt folkemøte tysdag kveld. Frå venstre ser ein budsjettansvarleg Vegard Selvåg, kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad, kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge, økonomileiar Bjørnar Haddal, kommunalsjef oppvekst Cecilie Bjørlykke og kommunalsjef velferd, Helga Bøe.  Foto: Skjermdump.

Nyhende

Hareid kommune arrangerte tysdag kveld eit digitalt folkemøte om budsjettet for 2022. Der var det fleire sentrale personar frå kommunen til stades. Økonomileiar Bjørnar Haddal, kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge, budsjettansvarleg Vegard Selvåg, konstituert kommunalsjef for oppvekst, Cecilie Bjørlykke og konstituert kommunalsjef for velferd, Helga Bøe.