Avviklar butikken

Butikken Min Fryd i Kjøpmannsgata på Hareid skal avviklast.

Det er snart eit år sidan Linda Marie Godø opna butikken MinFryd i Kjøpmannsgata på Hareid.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Enkelte vil kanskje seie at eg tok meg vatn over hovudet då eg starta butikken i november i fjor. Men same kor kjekt det har vore, må eg berre stikke ein finger i jorda og innsjå at bygda ikkje er stor nok til å få dette til å gå rundt, skriv eigar og drivar, Linda Marie Godø, i ei pressemelding.