Nyskapingsdagen

– På tide med ei samling

Robert Voldnes ser fram til å endeleg arrangere fysiske samlingar igjen. – Dette skal vere til inspirasjon og informasjon, og det blir sjølvsagt tid til mingling.

Skaparhuset: Carl Magnus Hegde Næss (Ulstein Næringsforum) og Robert Voldnes (ÅKP) gler seg på å gjennomføre samling på Skaparhuset i Ulsteinvik neste veke. Dei trur det blir hyggeleg å gjennomføre ei fysisk samling igjen. Dei tar for gitt at deltakarane følgjer smittevernreglane. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Onsdag 1. desember arrangerer hoppid.no, ÅKP, Innovasjon Norge og Ulstein kommune felles samling på Skaparhuset i Ulsteinvik. Samlinga passar både for gründerar og etablerte føretak.