Skuleelev testa positivt, leverer ut hurtigtestar til heile klassetrinnet

Ein elev i 3. klasse ved Hareid skule har testa positivt på ein hurtigtest.  Foto: Arkiv / Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ein elev 3. klasse ved Hareid skule har testa positivt på ein hurtigtest i dag, onsdag. Hareid kommune melder at dei føresette til elevar på trinnet onsdag kveld har fått henta hurtigtestar ved skulen. Formålet er at de skal få testa borna sine onsdag kveld eller torsdag morgon.