Dragsundbrua: Bilistar køyrer sjølv om brua er stengt

Dragsundbrua er så smal at den blir stengt når brøytebilen skal køyre over for å unngå møteulukker. Det er det ikkje alle som får med seg.  Foto: Mesta AS

Nyhende

Når brøytebilane køyrer over den smale Dragsundbrua aktiverer dei eit blinkande varslingsskilt som syner at brua er stengt. Plogen til brøytebilane er så brei at han kjem over i motgåande køyrefelt og i tillegg er brua bratt og uoversiktleg.