Ni nye smitta stadfesta

Nyhende

Ulstein kommune varslar at det i går, onsdag, var ni personar i Ulstein som fekk stadfesta at dei har koronasmitte. Dei fleste av desse var stadfestingar på allereide meldte positive hurtigtestar. Dei smitta er nærkontaktar av tidlegare stadfesta smittetilfelle.