Strengare koronareglar

Slik blir julaftan i kyrkjene

For tredje gong på tre veker har Ulstein sokn lagt ein kabal for korleis dei skal halde seg innanfor smittevernreglane i jula.

Ulstein: Sokneprest Margit Lovise Holte og kyrkjeverje Christfried Kaul har planlagt både fysiske arrangement og eit digitalt treff julaftan: «Ulstein syng Deilig er jorden», der alle innbyggarane i kommunen kan synge jula inn i lag. Det kan også blir spennande å sjå kven som les juleevangeliet. Arkivfoto 

Nyhende

Sokneprest Margit Lovise Holte fortel at det vanlegvis er 1200 menneske innom Ulstein kyrkje julaftan og juledag. Med dei nye koronarestriksjonane har dei berre lov til å ha 50 personar i kyrkja per gudsteneste. Så i år har dei gjort ein vri.