Blir sett fri

Politiet krev ikkje vidare varetektsfengsling for mannen som er sikta etter at ein mann i tjueåra vart funnen død i Ulsteinvik før jul.

Den døde vart funnen ved carporten til høgre i bildet.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Vilkåra for at han skal halde fram med å sitje i varetekt, er ikkje oppfylt. Difor krev eg ikkje at varetektsperioden blir forlenga, seier påtaleansvarleg i saka, politiadvokat Lena Katrin Romestrand.