Her blir offshorefartøyet lasta på skipet som skal ta det til Kina

Fleire stoppa opp laurdag ettermiddag for å sjå det spektakulære løftet på Lyngnesvika.

Mitt skip er lasta med...: Eit skip! Her har Olympic Pegasus kome trygt om bord det kinesiske tungløftfartøyet Tai An Kou - laurdag ettermiddag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Som Vikebladet Vestposten har omtala tidlegare, skal eit 156 meter langt og 36 meter breitt nedsenkbart tungløftfartøy - Tai An Kou - frakte det snart 20 år gamle offshorefartøyet Olympic Pegaus heile den lange vegen til Kina. Det er seld til Kina, frå det Herøy-baserte reiarlaget Olympic.