Hugsar du svampen for å fukte frimerke med?

Posten: Dei to kvinnene er frå venstre Gerd Kristensen (1926-2014) og Aasta Moldskred (1922-2014). Den unge mannen er Ståle Gjerde (fødd i 1960).  

Nyhende

Den teknologiske utviklinga går raskt. I dag er brettet med plass til kronestykke, femtiøringar og femkronarar meir som ein kuriositet eller museumsgjenstand å rekne. Det same er den runde svampen til å fukte frimerke med. Men på disken til høgre ser vi begge deler, og utstyret var nok i flittig bruk.