Hærverk

– Trist at slikt ikkje får stå i fred

Aage Christensen i UEKF seier at dei vil gjere det dei kan for å berge kunstverket på venterommet i Ulsteinvik. Rommet har videoovervaking, og det kan vere aktuelt å melde hendinga til politiet.

Hærverk: Fleire har blitt freista til å teikne kattar og andre figurar på veggen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Me gjer det me kan for å halde kunstverket i stand. Det er viktig at det ser bra ut.

Aage Christensen
Nyhende

I 2014 måla ein fransk gatekunstnar den store og flotte katten som prydar eine veggen på venterommet ved busshaldeplassen i Ulsteinvik. Kunstverket har fått stå i fred i mange år, men no er det diverre nokon som har skribla på og rundt den store katten som har gledd mange som har venta på bussen.