Gav gratis ved til studentkollektiv:

- Det kostar så lite å gle andre

Då eit studentkollektiv i Volda tydde til sosiale media for å sjå om det var mogleg å kjøpe ved av nokon, kom hareidsdølingen Kai Endre Stridh med eit tilbod dei ikkje kunne takke nei til. – Dei fylte opp bilane til dei så vidt kom seg gjennom Eiksundtunnelen igjen, seier Stridh flirande.

Takksame studentar: Her ser ein kollektivet i Volda som var så heldige å få gratis ved av hareidsdølingen Kai Endre Stridh. Frå venstre ser ein Sigrid Håndlykken, Gyrid Fosse, Johanne Myrhol, Frida Ous, Mads Medhus og Øystein Lønsethagen - og alle er studentar ved Høgskulen i Volda.   Foto: Privat.

Nyhende

Dei siste vekene har straumprisane vore historisk høge over heile landet – der prisane gjerne har vore på fleire kroner for ein kilowattime. Det har gjort at mange rett og slett har vore nøydde til å byte ut elektrisk varme med vedfyring.