Innstiller avgangar

Nyhende

Fjord1 skriv onsdag i ei driftsmelding at to avgangar på ferjesambandet Hareid – Sulesund blir innstilt.

Dette skjer som følgje av dårleg vêr, ifølgje Fjord1.



Det er avgangen frå Hareid 18:40 onsdag og avgang frå Sulesund 06:10 torsdag morgon, som blir råka, melder Fjord1.

Tidlegare onsdag vart hurtigbåtruta mellom Hareid, Ålesund og Valderøya innstilt som følgje det dårlege vêret.