Ekstremvêret Gyda:

Hareid og Ulstein gjekk klar det verste

Medan delar av Møre og Romsdal har slite med flaum og evakuering har Hareid og Ulstein sleppt unna den store dramatikken under «Gyda».

Kaldholen: Ved demninga i Kaldholen var det ikkje godt å gå tørrskodd torsdag føremiddag. Elva frå demninga og nedover mot Grimstadvatnet gjekk også godt utover sine vanlege breidder og nokre stadar gjekk vatnet heilt opp på Rotarystien. Foto: Andreas Bjerknes. 

Nyhende

Sjå fleire bilete i botnen av saka