Skrinla Ulsteinvik-flytting – satsa heller på Hareid

Hjelpa Møre Drift & Renhold har fått frå Hareid kommune og ei rekkje andre aktørar i lokalsamfunnet – har snudd det som i verste fall kunne ført til nedlegging – til ei storstilt satsing.

Flagga: Desse fire er alle glade for at Møre Drift & Renhold er på plass i nyoppussa lokale. Frå venstre ser ein Jonny Holstad i Hareid Rør & Interiør, Kenneth Sundgot i Møre Drift & Renhold, Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid – og ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

På knappe fire veker fekk vi bygd opp eit nytt vaskeri frå botnen av

Kenneth Sundgot, dagleg leiar og grunnleggjar av Møre Drift & Renhold
Nyhende

– Vi har investert fleire millionar totalt i oppkjøpet og det nye lokalet på Hareid, og har stor tru på fortsetjinga her på Søre Sunnmøre, seier Kenneth Sundgot.