Ny brannstasjon

Brannvesenet gler seg til å flytte inn i dei nye lokala

Olav Helt Brubakk og Harald Øvereng spår at det framover vil bli langt lettare å rekruttere til brannvesenet no som dei har fått nye lokale.

Overtaking: Onsdag denne veka overtok kommunen brannstasjonen frå entreprenør HS Rise Bygg. Aage Christensen i UEKF er glad for at dei har fått brukt så mange lokale entreprenørar. Det er bra for kommunen at folk i området er sysselsette. Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Dette er eit kvantesprang jamfør garasjen me flyttar frå

Nyhende

For fleire år sidan varsla Arbeidstilsynet at noko måtte gjerast med arbeidstilhøva til dei tilsette i Hareid og Ulstein brannvesen. Det har vore ein lang prosess for å få bygt ny brannstasjon i Ulstein, med lange diskusjonar om kvar bygget skulle ligge, men no er alt dette historie, og bygget er reist.