Har pengar, men manglar søkarar

Kompensasjonsmidlar: Ulstein kommune vil dele ut 297.000 kroner til forsamlingshus i kommunen, men manglar så langt søkarar på midlane.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Ulstein kommune har fått nesten 1,7 millionar kroner i kompensasjonsmidlar. Desse skal kommunen fordele på skjenke- og serveringsstadar, men formannskapet har også bestemt seg for å sette av ein del av desse midlane til forsamlingshus og lokale i kommunen.