Mange testa positivt

Det er meldt om 49 positive smittetilfelle i Ulstein kommune i løpet av veke 2. Mange av desse er elvar ved Ulstein ungdomsskule eller husstandsmedlemmer til elevar ved skulen.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Arkiv

Nyhende

Ulstein kommune har fredag sendt ut oversikt over positive smittetilfelle i kommunen denne veka. Totalt har kommunen fått melding om 49 positive testar. Dette talet er inkludert positive hurtigtestar frå torsdag og fredag. Desse er ikkje stadfesta med PCR-test.