Fyller 70 år, men er framleis i full jobb:

– Eg er ikkje klar til å gi meg enno

Svein Terje Enge byrja som mekanikar i 1972 – og sidan har han skrudd på alt ifrå båtmotorar til store hjullastarar. Fredag feira kollegaene ved bilverkstaden G. Eilertsen på Hareid 70-årsdagen hans.

Feira Svein Terje: Laurdag 15. januar fyller Svein Terje Enge 70 år. Det passa kollegaene hans på å feire fredag - med kake, kaffi og brus. Bak han frå venstre ser ein Johhny Egil Vartdal, avdelingsleiar ved G. Eilertsen Hareid, Knut Magne Rønning, Frode Aasmo, avdelingsleiar ved G. Eilertsen Ulsteinvik, eigar Geir Eilertsen, Jonas Flø, Rozenas Grazvydas og Lars Ove Solbakk.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Eg var på EU-kontroll sjølv i haust. Legen sa at den beste medisinen var å halde fram med å jobbe

Svein Terje Enge
Nyhende

På veg inn på pauserommet med ein kaffikopp i handa, vart Svein Terje Enge svært overraska då han såg marsipankaka på lunsjbordet og kollegaene som stod der og smilte lurt til han. For dei ville gjerne gjere litt ekstra stas på veteranen – som fyller 70 år i dag, laurdag 15. januar.