Hotelldirektør Svein-Are Brynestad og kollegaen Daniel Ottesen Engan legg på ein kvit duk på eitt av restaurantborda i Pir Bar & Restaurant. Førstkomande tysdag blir ein ny seks-rettars meny lansert. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Vi har trua på at 2022 kan bli eit bra år

Det er ikkje til å leggje skjul på at situasjonen framleis er utfordrande for hotellbransjen – noko også Quality Hotel Ulstein merkar. Men – den nye hotelldirektøren vel å fokusere på det ein faktisk kan gjere noko med, framfor å drive krisetenking.