Hareids- og Sande-ættlingen Rein Alexander Korshamn får strålande kritikkar for innsatsen i rolla som Gaston i Christiania Teater si musikal-oppsetjing  «Skjønnheten og uhyret».

«Den store positive overraskelsen er selvsagt Rein Alexander i den selvgode masochisten Gaston», skriv bladet Puls etter premieren i Oslo 14. august. «Puls» kallar musikalen ein «innertier» og meiner at det er på ein kommersiell Disney-scene Rein Alexander alltid bør vere: «Det virket som om han ELSKET å være på scenen», heiter det i Puls-omtalen, som konkluderer med at musikalen er «pur magi».

NRK-meldar Andreas Diesen er ikkje mindre snau. Han meiner Rein Alexander er på rett plasss i rolla som sjølvsbevisst landsbysjarmør: «Han er «larger than life» - og lite ante vi at han hadde et komisk talent. Og for all del: Hvilken stemme han har. Praktfull den også».

Musikalen «Skjønnheten og uhyret» bygger på ein gamal fransk fabel – og har vore framført både som opera og film (Disney-).

Musikalen blir spelt i Oslo utover hausten. I januar flyttar han over til Sandnes i Rogaland.