No kan du sjekke inn på padda

Padda i Austefjorden har fått geocache i øyra. 

Nyhende

No kan du sjekke inn på padda

Paddeland i Austefjorden har no fått ein eigen geocache, melder avisa Møre i Volda.

Geocachen vart lagt ut tysdag i førre veke.

Geocaching er ein aktivitet der ein ved hjelp av GPS-koordina skal finne postar og loggføre vitjinga. Ei moderne form for orientering og skattejakt.

Ved å leggje ut ein geocache i Padeland er håpet å få meir vitjing i området og få presenter den makelause plassen for folk både i inn- og utland.

Aktiviteten har 2,4 millionar brukarar verda over, og godt over seks millionar «cacher» - postar - er å finne over heile verda.

Det som trengst for å starte er ein smarttelefon eller GPS og ein gratis brukarkonto hos geocaching.com