Milepæl for tamilane

Domstolen i EU har oppheva alle restriksjonar mot den tamilske frigjeringsorganisasjonen LTTE. - Ei gladmelding til alle terrorstempla fridomskjemparar, seier Ulstein Høgre-politikar Steven Pushpararyah.

– Vi er demokratiske aktivistar, ikkje terroristar, seier Steven Pushparayah, som sjølv er politisk aktiv for Høgre i Ulstein kommunestyre. 

Nyhende

– Ein stor milepæl for det tamilske folket, seier Steven Pushparayah. – Dommen betyr at tamilar som på demokratiske måtar kjempar for rettferd og demokratiske rettar på Sri Lanka no slepp å ha terrorist-stempel på seg. Etter denne dommen vil vi lettare kome til orde i dei diplomatiske kanalane rundt om i verda.

Det var under fredsmeklingane på Sri Lanka i 2006, der norske Erik Solheim var hovudmeklar, at LTTE fekk terrorstempel av EU. Sidan har dette følgt alle som har kjempa for rettferd for tamilane.

Etter at krigen på Sri Lanka var over har diskrimineringa av tamilar halde fram, men i 2011 vart det reist sak i EU-domstolen i Luxemburg. Etter tre års kamp fall det dom denne veka: EU opphevar restriksjonane mot LTTE.

– Dette er ei gladmelding til alle terrorstempla fridomskjemparar, seier Pushpararyah, som er svært takknemleg overfor dei tre nederlandske advokatane som har ført saka for tamilane.

– Vi er demokratiske aktivistar, ikkje terroristar, seier Pushparayah, som sjølv er politisk aktiv for Høgre i Ulstein kommunestyre.