Oppvaskmøte om Ulstein i Sykkylven

Varaordførar Olav Harald Ulstein skal i dag i møte med ordføraren i Sykkylven, som ikkje likar at Ulstein brukte karakteristikkar som "ynkeleg" og motbydeleg" om andre Farmen-deltakarar.

Olav Harald Ulstein skal i dag møte ordføraren i Sykkylven for å drøfte om han med utsegnene sine i Farmen har skadd omdømmet til Sykkylven kommune. 

Nyhende

Ulsteinætlingen Olav Harald Ulstein er tilbake i Sykkylven etter opphaldet sitt i Farmen. No er han klar for vervet som varaordførar (Framstegspartiet).

Men ifølgje VG har ordførar Petter Lyshol fått hundrevis av reaksjonar frå folk frå heile landet på at varaordføraren i kommunen kunne oppføre seg som han gjorde i Farmen. Det resulterte i at ordføaren gjekk ut i media og tok avstand frå sin eigen varaordførar.

- Det er ikkje fine tibakemeldingar vi har fåt, og det har vore hundrevis av dei, sa ordføraren til VG.

Men Olav Harald Ulstein har fått andre reaksjonar:

- Eg har snakka med mange her i heimbygda mi i dag som reagerer på måten ordføraren har ordlagt seg på, men eg vil ikkje seie meir om denne sake før egfår høyre kva han har sagt, seier Harald Olav Ulstein.

Også dottera til Ulsteinhar engasjert seg. Ho er ikkje nådig om ordførar Petter Lyshol sin påstand om at Ulstein skader omdømmet til Sykkylven kommune.