Nordstrand kunne fylt fleire hus

Legen og kosthaldsekspert Berit Nordstrand trekte fullt hus på Sjøborg.

Lege Berit Nordstrand har skrive fleire bøker om kosthald, og i pausen på Sjøborg var det mange som ville kjøpe. Foto Ingunn Røyset 

Nyhende

Saniteten i Ulstein trefte midt i smørauget med Berit Nordstrand sitt foredrag sist veke.

Sjøborg kunne ha blitt fylt fleire gongar, skulle alle som ville ha ein smakebit av kosthaldsregimet til lege Berit Nordstrand få plass. No var det dei 400 i salen, som fekk vere snille bakteriar med mange viktige oppgåver å gjere. Om berre dei orka.

- Ikkje kjøpebrød

Men det må rett mat til, i følgje Nordstrand. Ikkje kjøpebrød. Det industribakte brødet med ekstra mykje gluten er mat som berre seier POFF. Grovheitsgraden utanpå posen er sterkt oppskrytt.

- Du har ete loff i årevis, ikkje rart du er sur, lo Nordstrand.

Men det er ikkje berre sur du blir av dårleg mat. Du kan også bli sjuk. Som nyutdanna lege hadde Berit Nordstrand ingen kunnskap om korleis ho skulle hjelpe det sjuke barnet sitt. Hjelpa kom frå ei gamletante som hadde følgjande råd.

- Har du prøvd med ein fløteskvett?

Det var starten på ei oppdagingsferd i korleis mat verkar på kroppen vår. Forskingstudiene  var å finne, dei var berre ikkje gjort allment kjent.

- Det  er ikkje noko som heiter dårlege genar, berre feil fôr, hevdar Nordstrand.

Ho har vondt av lille Ole som går på ein diett av industribaka brød på skule og SFO. Og ikkje har annan måte å takle det som skjer i kroppen , enn med uro. Det er mange slike små Ole-barn.

Nordstrand sin eigen son har berre ADHD når han får feil mat.

Fleire bøker

Oppdagingsreisa til legen og seksbarnsmora har ført til fleire bøker. Der formidlar ho fagkunnskap på ein forståeleg måte saman med oppskrifter på mat som gjer at dei snille bakteriane får gjort jobben sin. «Mat til sinns» heiter ei av bøkene hennar. Der viser ho med grunnlag i forsking, korleis mat verkar inn også over snippen.

- Ein grønnsakshot på morgonkvisten så hugsar du både kva du heiter og kvar du bur, smiler Nordstrand.

Legen og kosthaldseksperten har ein teori om at ein kan nyte seg til ein sunnare kropp.

Ho snakka varmt om fløtebaserte sausar, å ete heile regnbogen i grønnsaker og bake brød i reklamepausen til Greys Anatomy. Dessert kvar dag er også å tilrå. I alle fall om dei er laga av neter, honning og mørk sjokolade.

Men margarin kan ein godt la stå igjen i butikkhylla. Herda feitt er ikkje bra for hjartet. Sjølv ikkje  med Hjarte- og lungeforeininga sin logo utanpå.

Sushi kallar Nordstrand trist laks på sukker. Fullkornspasta er enda ein ting som ikkje er sundt likevel. Det er fullstappa av karbohydrat og blir til ein god dose sukker i kroppen. Juiceing til den store gullmedaljen er det heller ingen vits i. Då hamnar alle fibrane til grønnsakene i søppla.

Men brusa kan du godt slå ut. Om du ikkje vil ha seks timar med redusert immunforsvar. Stort betre er det ikkje med sukkerfrie drikkar og drops. Kunstig søtstoff slår av forbrenninga og vekker dei slemme bakteriane. Her var Berit Nordstrand tilbake i terminologien til barneboka si «Sukkerkok i hodet».  Like greitt,  for utan hennar medisinske bakgrunn er det vanskeleg å gjengi alle biokjemiske prosessar i kroppen.

Nei, grøn te er tingen. I alle fall om ein vil krympe bilringane. Og om han smakar gras, så er det berre å skylje det ned med eit stykke heimelaga Snickers.