Eirik Ramsland, bistandsadvokaten til Muthanna, far til Sami, la først fram sin prosedyre for retten.

Bistandsadvokaten fortalde at faren ynskjer erstatning, og det er i alt to erstatningskrav.

- Når ein ser på det objektive i denne saka, så er det ei særs grov sak.

Både mor og far gret medan bistandsadvokaten les opp si oppsummering av saka.

- Når det gjeld oppreisingsbeløpet, så må dette skje etter skjønn, seier Ramsland.

Ramsland dreg mellom anna fram at det under Baneheia-saka, då standardsummen for erstatningsbeløpet låg på 120.000 kroner, blei pårørande tilkjent over 200.000. I dag er standardsummen nettopp 200.000.

Advokaten ber til slutt om ei erstatning på kroner 300.000 til faren, Muthanna.

Bistandsadvokaten til mor, Nidal, Øzkan Alkan, held seg til faren sin bistandsadvokat sin prosedyre.

Også mor sin advokat ber om ei oppreising på kroner 300.000.