Er erklært kreftfri

- Det er meir som eit under, sa legen som 19. april i år ringde til Hallbjørn Hareide og erklærte han kreftfri.
Nyhende

Vikebladet Vestposten skreiv 24. juni i fjor om Hallbjørn Hareide (79) som dei siste fire åra hadde halde kreftsjukdomen i sjakk med ei blanding av kvitløk og «Gammel Sunnmøring akevitt». Blandinga er eit «kjerringråd» frå Nepal, og Hareide har også det siste året trufast tatt tre teskeier dagleg av kvitløksblandinga.

Det var i 2002 Hallbjørn Hareide fekk konstatert ein aggressiv form for prostatakreft. PSA-en hans (prostata spesifikt antigen) vart då målt til 25.

Etter ein omgang med strålebehandling var PSA-en komen ned i nesten null. Men etter nokre månader steig tala til 5-6, og han begynte å ta tablettar. Desse heldt sjukdomen i sjakk i sju år. Då begynte PSA-en å stige igjen. Tablettane verka ikkje lenger, og PSA-en kom opp i 31. Hallbjørn fekk beskjed om å starte med cellegift.

Han reiste i staden til ein klinikk i München der dei slo fast at han hadde kreft i tre lymfeknutar like ved prostata.

Oppskrifta

Komen heimatt til Norge fortalte ein ven heilt tilfeldig om eit mange hundreårig kjerringråd frå Nepal:

350 gr kvitløk

2,5 dl akevitt

Blandinga skal kvernast til ei tjukk dei i ein kjøkkenmaskin, og skal deretter stå i kjøleskap i 20 dagar. Då skal safta skvisast ut av deiga gjennom eit tynt klede. Ta vare på safta, kast deiga. Ei lita teskje skal takast tre gonger dagleg, helst på tom mage om morgonen. Safta varer i ca. 2,5 månader.

Etter 1,5 månder med denne kuren var PTA-en komen ned i 8, etter tre månaden var han nede i 0. Fem år etter er verdiane framleis null.

- I realiteten eit under

- Dei første åra gjekk eg på kontroll kvar tredje månad, men så sa legane at det var nok med kvar sjette månad. Legane har etter kvar kontroll sagt at det ser fint ut, men eg har aldri diskutert med dei om eg er kreftfri. Vanlegvis er det den faste legen min, overlege Victor Berge ved Rikshospitalet, som brukar å ringe meg om resultatet. Men han var akkurat då oppteken med noko anna, og ein kollega av han fekk i oppgåve å ringe meg 19. april. Han brukte desse orda: «Eg har site og studert krefthistoria di, og vi forstår det i grunnen ikkje. Det er i realiteten eit under. Du kan no fortelje familie og venner at du er kreftfri», siterer Hallbjørn Hareide.

- Ikkje slutt med medisin som verkar

Han understrekar at ingen må slutte med skulemedisin medan han verkar, men at kvitløksblandinga kan vere eit viktig supplement.

- Eg kjem til å innta det nepalske kjerringrådet resten av livet, seier Hareide.

Må forskast meir

Overlege Victor Berge, som har vore legen til Hallbjørn Hareide, meiner historia hans er interessant, men understrekar at det må meir forsking til før det kan gjevast ei generell tilråding om å bruke kvitløk til lækjing.

Nettstaden kreftkamp.no har lagt ut historia til Hareide, og 37.000 personar har vore inne og lest ho, og han får ofte telefon frå folk som vil ha oppskrifta på kvitløkskuren.

Også Profo-Nytt, medlemsbladet til Prostatakreftforeninga, har skrive om sjukehistoria til Hallbjørn Hareide.

Kvitløk kurerer ikkje kreft

Fascinerande