- Blei kvitt diabetesen med kvitløk og sprit

- Eg har kjent til det nepalske kjerringrådet med kvitløk og sprit i over 30 år. Og svigerfar min vart kvitt diabetes type 2 etter å ha brukt det ei tid.

Musikklærar Nadija Demirova har tatt godt vare på den handskrivne oppskrifta ho for over 30 år sidan fekk av ei legevenninne som hadde vore på studietur til Nepal.  Foto: Anne Gry Eilertsen.

Nyhende

Orda kjem frå Nadija Demirova, som saman med ektemannen Peter Demirov har budd mange år i Ulsteinvik. Dei er frå Bulgaria, og Nadija fortel at det var ei legevenninne av henne som gav henne oppskrifta.

- Venninna mi var med ein stor delegasjon bulgarske legar som var på studietur til Nepal.  Ho kom tilbake med blant anna det nepalske kjerringrådet med kvitløk og sprit.

- Eg har gøymt på den handskrivne oppskrifta i over tretti år, fortel ho.

Svigerfaren var skeptisk

Begge foreldra til ektemannen Peter var legar. Mora var kirurg, faren Grigor var spesialist innan vaksinasjon, og ansvarleg lege for vaksinasjonsprogramma for heile Plovdi-fylket i Bulgaria.

- Då svigerfar var ein stad mellom 55-60 år gammal fekk han diabetes type 2, og han måtte begynne å bruke insulin. Eg tipsa han om det nepalske kjerringrådet, for eg hadde fått opplyst at det blant anna kunne ta ned blodsukkeret, fortel Nadija.

Men svigerfaren var skeptisk.

- Eg trur dei fleste legar er skeptiske til naturmedisin. Og som den grundige mann han var, sette han seg til med oppslagsverk som kunne fortelje han om verkestoffa i kvitløk og kva innverknad ein juice av kvitløk og sprit kan ha på kroppen. Etter det sa han OK til å prøve.

Verdiane fine etter 3-4 år

Nadija fortel at blodsukkerverdiane minska gradvis etter Grigor begynte å ta kvitløksblandinga. Og etter 3-4 år var verdiane heilt fine. Svigerfaren kunne slutte med insulin, og han kunne ete heilt normalt.

- Då begynte han å dele ut kjerringrådet til legekollegaer. Mange var skeptiske, men fleire tok det i bruk når dei fekk plager. For i den handskrivne oppskrifta til Nadija, står det at kvitløksblandinga kan hjelpe mot blant anna diabetes, høgt blodtrykk, normalisere hjartemuskelen og at det er bra for folk som har hatt hjerne- eller hjarteinfarkt.

Grigor Demirov døydde i 2009, 84 år gammal, av heilt andre årsaker enn diabetes.

- Eg har gitt oppskrifta til fleire her i Ulsteinvik, og det går også an å bruke den som førebyggjande, seier Nadija.

Svigerfaren brukte å ta blandinga saman med litt mjølk, for det nøytraliserer kvitløkslukta.

Diabetes2 må ikkje forvekslast med diabetes type 1, som er ein autoimmun sjukdom, som kan råke heilt ned i barnealder.


Oppskrift, Nepalsk «kjerringråd»

350 gr. kvitløk

2,5 dl sprit


Knus kvitløken i ein mortar av tre eller porselen.

Ha blandinga over i eit glas og hell på spriten (Hallbjørn Hareide brukar akevitt).

Skru på loket, og lat blandinga stå i kjøleskap i fjorten dagar.

Sil gjennom eit klede, og lat blandinga stå i kjøleskap i tre dagar til.

Ta 3 teskeier i løpet av døgnet.

Kurerer ikkje kreft

Fascinerande