Lege Leiv Bjørndal om den nepalske "mirakelkuren":

- Fascinerande

Lege ved Medi 3 i Ulsteinvik, Leiv Bjørndal, let seg fascinere av historiene om Hallbjørn Hareide og Grigor Demirov som skal ha blitt friske av høvesvis prostatakreft og sukkersjuka som følgje av det nepalske kjerringrådet.

Zari Demirova saman med bestefar Grigor Demirov i Bulgaria. Grigor var lege, og i utgangspunktet skeptisk til naturmedisin. Men etter ein periode med inntak av det nepalske kjerringrådet kunne han slutte med insulin.  Foto: Privat.

Nyhende

Vikebladet Vestposten skreiv i tysdagsavisa 23. april om Hallbjørn Hareide som er erklært frisk etter prostatakreft. Han gjekk på skulemedisin, men etter sju år slutta medisinen å verke, og som ein utveg prøvde han i staden eit kjerringråd frå Nepal, ei blanding av kvitløk og akevitt. I torsdagsavisa skreiv Vikebladet Vestposten om Nadija Demirova som fortalde at svigerfaren hennar, Grigor Demirov, blei frisk av å bruke den same kuren. Han hadde diabetes.

Lege Leiv Bjørndal ved Medi 3 i Ulsteinvik har fått med seg at Hareide blei erklært kreftfri 19. april i år, og får høyre om historia til Nadija Demirova.

– Det er vanskeleg for meg å gi ein kommentar, men eg skal vere skjønt einig i at det er fascinerande det som kjem fram. Både prostatakreft, og no sist når det gjeld Grigor Demirov og sukkersjuka, har vist seg å vere mogleg å overvinne og i somme tilfelle bli kvitt ved regelmessig trening og godt kosthald. Eg anbefalte dette kjerringrådet til ein kamerat i Oslo som også har prostatakreft, men han har diverre ikkje blitt betre. Ein veit rett og slett for lite om verknaden av dette til at eg kan kommentere ytterlegare.

Bjørndal understrekar at det er viktig å ikkje kutte ut livsviktige medisinar for å gå over til «kjerringråd».

Kvitløk kurerer ikkje kreft

Vart kvitt diabetes type 2