Desse vart selde

Nesten halvparten av dei omsette eigedomar frå april ligg i Ulstein kommune.
Nyhende

29 av 69 eigedomar som vart omsette i perioden 1. til 30. april ligg i Ulstein kommune, og det aller fleste av desse ligg i Ulsteinvik sentrum. Heile 19 eigedomar skifta eigar i Ulsteinvik i løpet av april.

I Hareid kommune vart det omsett 10 eigedomar.

Også Herøy kommune har eit høgt tal på omsette eigedomar i løpet av den siste månaden med 23, men her er eigedomane spreidd mykje meir utover enn i Ulstein. Bergsøya med ni har største konsentrasjonen.

I Sande kommune vart det omsett sju eigedomar i løpet av april.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.