Kjetil Dimmen kan fortelje at han høyrde gauken for første gong i år klokka halv seks onsdag morgon. Svein Dimmen har også vore i kontakt med lokalavisa for å rapportere inn at han høyrde gauken klokka 08.00. Ettersom både Kjetil og Svein bur på Indre Dimna tippar vi at det her er tale om samme fuglen.

Dette er noko tidlegare enn før om åra. I fjor kunne ein lytte til årets første gauk på Kolbeinhaugane 8. mai. Året før dukka han opp på Flø 9. mai

Gauken overvintrar i Afrika, i tropane sør for Sahara. I slutten av april og i byrjinga av mai kjem dei attende til Noreg der han finst over heile landet. Hannane dukkar opp ei vekes tid før hoene. I august tek vender dei nebbet mot Afrika att.