Knallsuksess med moteshow

220 personar møtte fram til Saniteten si moteframsyning på Sjøborg i Ulsteinvik tysdag kveld

Nokre av mannekengane som gjekk over motemoloen på Sjøborg tysdag. 

Åse Dimmen Grimstad, leiar i Ulsteinvik Sanitet, saman med dei to konferansierane Wenche Mork og Siw Røyseth Ulstein. 

Nyhende

Ikkje eit sete var ledig då konferansier Åse Dimmen Grimstad entra scena i Sjøborgsalen for å ønske publikum velkomne til moteframsyning.

Det er sjuande gongen saniteten i Ulsteinvik arrangerer moteframsyning. Dei førre seks gongene har tilstellinga vore på Bygdastova.

- Men no har Ulsteinvik blitt så stort at vi måtte sjå oss om etter ein større arena, seier Wenche Mork i Ulsteinvik sanitet.

Bygdastova tek om lag 100 personar, og saniteteskvinnene hadde håp om at det til det sjuande moteshowet ville kome om lag 150 publikummarar.

Men det vart stinn brakke. 220 fylte salen.

- Vi er svært takksame for at så mange kom. Og vi lovar å forvalte pengane som ha rkome inn på ein måte som skal kome innbyggjarane i Ulsteinvik til gode, sa Åse Dimmen Grimstad.

Det var butikkane Overvåg, Floyd, Skin Tonic, Bizarre, Cubus, Match, Elle Boutique og Løvens hule (blomster) som synte fram klede, sko, smykke, vesker og anna tilbehør.

Kvelden vart ikkje ringare av at ein ny duo steig fram på scena i pausen med songen sin. Margit Lovise Holte og Mari Ann Vattøy har spennande røyster som kler kvarandre.


Sjå papir laurdag.