Bronsebyste av Ragnar Ulstein skal opp i Ulsteinvik

Ulstein Historelag vil hylle Ragnar Ulstein for både krigsinnsatsen og opplysningsarbeidet hans etter siste verdskrig.

Under ein pressekonferanse på Ulstein rådhus fredag morgon kunne Aksel Hauge opplyse at det skal setjast opp ei byste av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik. Hauge er leiar i nemnda. Heidi Myklebust er nestleiar, Kjell Garnes, Ottar Kaldhol og Svein Eiksund er medlemer i nemnda. Det er også kultursjef Leif Ringstad, som ikkje kom med på bildet. 

Nyhende

Målet er at ei bronsebyste av Ragnar Ulstein skal kunne avdukast anten i slutten av april neste år, då Ulstein har fødselsdag, eller 8. mai neste år.

Aksel Hauge, som er leiar i nemnda, opplyser at han har vore i kontakt med billedhoggaren Ola Stavseng i Stordal, og han har stadfesta at han har kapasitet til å ha ei byste ferdig i løpet av eit års tid.

- Ragnar Ulstein er 95 år, og vi vil gjerne ha dette på plass så raskt som råd, forklarer Aksel Hauge.

Kvar bysta skal stå er ikkje avgjort enno, men nemnda er klar på at det må vere på ein sental plass i Ulsteinvik.

Hauge vil ikkje røpe kva prisen på bysta er, men kultursjef Leif Ringstad stadfester at Ulstein kommune har lova å vere med på deler av finansieringa.

- Det har ordføraren personleg lova meg. I tillegg skal vi gå til bankar, bedrifter og organisasjonar som kan vere naturlege støttespelarar, seier Hauge.

Det er berre ein månad sidan ideen om å få Ragnar Ulstein på bronsesokkel i Ulsteinvik vart fødd.

Krigsinnsats og opplysnignsarbeid

- I år er det 70 år sidan freden kom, og det gav både krigsinnsatsen og forfattarskapen til Ragnar Ulstein ny aktualitet. Eg var personleg til Emblem førre tysdag for å fortelje han om planane, og han vart svært glad, fortel Hauge.

Ragnar Ulstein er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, men har i sitt vaksne liv budd for det meste i Ålesund, der han har virka som journalist og forfattar, og heilhjarta har gått inn for å opplyse nye generasjonar om siste verdskrig, og at det ikkje må skje igjen.