Møt folka bak sommarkrimen

Lokalavisa fekk møte folka som står bak dramaserien Mysteriet på Sommerbåten.

Dramaserie Under heile noregsturen lagar NRK ein dramaserie om bord i båten. Her står skodespelar Sofie Asplin (Kassandra Jensen) saman med redaksjonsassistent August Falch Sørheim. I tillegg er skodespelarane Hildegunn Eggen (Reiar Victoria Jensen), Terje Ranes (Kaptein Torvald Jensen), Jonas Loke og Jon Lockert Rhode (begge maskinistar), Janne Heltberg (1. styrmannThelma Linden) og Nader Khademi (Politimann Martin Pirlo) med i serien.  Foto: jr

Nyhende

- Dette er då roterommet, som vi kallar det. Her er kostymene til dei fantastiske skodespelarane våre, sminkebord og kontorplassar, forklarar produsent Annelene Søyland.

Vi er inne i eit langt og smalt rom, og det er nesten fylt opp til taket med rekvisita, kostymer og diverse NRK-effektar frå vegg til vegg. Og det er kanskje ikkje så rart, for det har vore mykje planlegging av denne dramaserien på førehand.

Manusprosessen til Mysteriet på Sommerbåten starta allereie i oktober i fjor då dei fem forfattarane Thomas Moldestad, Linn-Jeanette Kyed, Linda Ung, Espen Torkildsen og Sofia Lersol Lund sette seg ned i eit såkalla skriverom.

Levande produksjon

Sjølv om det meste var spikra i god tid før avreise frå Vadsø for vel tre veker sidan, har manuset til mysteriet blitt utvikla litt undervegs.

- Det kjem ofte litt endringar i manus, som regi tek opp med skodespelarane både same dag og på sett, utdjupar produsent Annelene Søyland.

- Og så kjem også skodespelarane med sine endringar, legg Terje Ranes (som spelar karakteren Kaptein Torvald) til.

- Så dette er ein veldig levande produksjon på den måten, påpeikar August Falch Sørheim, som er redaksjonsassistent og "alt-mulig-mann".

Alt skjer på båten

Produksjonsteamet legg stor vekt på at så å seie alt som blir vist på TV-skjermen er faktisk spelt inn på Sommarbåten.

- Vi lagar heile episoden om bord i båten. Mange trur at mykje er produsert på førehand. Men vi brukar éin og ein halv dag på å filme episodene, og så brukar vi begge dagane til å klippe og legge på lyd, forklarar Sørheim.

Ideen om å lage ein dramaserie undervegs på noregsturen kom i fjor då dramasjefen i NRK.

- Då byrja vi å drodle litt på dette, og vi sette saman ein del personar internt. Då enda vi opp med at det ville vere all right å ha noko sommarkrimaktig med. Og så berre køyrde vi i gang, oppsummerer Søyland.

- Veldig gøy

Å lage ein TV-serie ute til sjøs kan vere ei utfordring, og produksjonsteamet stadfestar at det kan bli nokre lange dagar. Men det legg ikkje ein dempar på humøret.

- Det blir litt liten plass og vi er få menneske, men det er jo veldig gøy. I går gjekk et tre mil! Eg tok på meg stegtellaren for å sjekke, ler Sørheim.

- Så det er eit fantastisk team som yt maksimalt og vel så det, understrekar produsenten Søyland.

Og mannskapet på båten skal også ha ei stor takk for at serien går sin gang.

- Vi er så avhengige av kvarandre - og kvarandre si innstilling og humør. Det er jo det som er heilt utruleg her, rosar Ranes, som får medhald frå Sørheim og Søyland. Alle tre meiner dei har eit veldig hjelpsamt mannskap om bord.