Oppsving i juni

Sjå alle dei omsette eigedomane i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.
Nyhende

Etter noko mindre aktivitet i eigedomsmarknaden i mai, auka talet på omsette eigedomar i juni til totalt 118 i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande i juni.

Aller flest vart omsett i Ulstein kommune med 48, medan Herøy kom like bak med 45 omsette eigedomar.

I Hareid vart det omsett 10 eigedomar i juni, det er to mindre enn i mai. Sande gjekk andre vegen. Der vart det berre omsett to eigedomar i mai, men i juni var talet 15, heile seks av desse på Sandsøya.

Det er framleis i Ulsteinvik sentrum det blir omsett flest eigedomar. Heile 31 av 48 omsette eigedomar i kommunen ligg i Ulsteinvik sentrum.

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.