Vann Nitimen si kommuneslagord-konkurranse:

- Vi er ikkje så sjølvhøgtidlege i Sande

Sande kommune, med sine like over 2.600 innbyggjarar, slo ei tredve gongar meir folkerik kommune i NRK Nitimen sin konkurranse for beste kommuneslagord. - Dette var stor stas, seier ordførar Dag Vaagen.

Ordførar Dag Vaagen kunne juble og flagge måndag. Sande vann Nitimen sin kommuneslagord-konkurranse suverent! 

Nyhende

Flagget gjekk til topps på rådhuset på Larsnes måndag då det blei klart at Sande kommune har vunne NRK Nitimen si slagordkonkurranse.

"Utanfor allfarveg - heldigvis". Slik lyder slagordet Sande kommune raka inn heile 35,83 prosent av stemmene i kommuneslagord-konkurranse med. På andreplass, med 19,29 prosent, kom Fredrikstad sitt slagord "Det årnær sæ". Ulstein var også med i konkurransen, men fekk berre 3,59 prosent av stemmene med sitt "Der baug bryt båre".

Sande kommune, med sine litt over 2.600 innbyggjarar fordelte på 91 kvadratkilometer, gjekk altså av med sigeren. Det, mot mammuten Fredrikstad, med heile 78.000 innbyggjarar.

- Det må ha vore den nasjonale røysta som meinte vi hadde det beste slagordet, seier ordførar Dag Vaagen og flirer.

Takkar nabokommunane

Vaagen fortel at håpet verkeleg blei tent då ein såg at Sande nærma seg Fredrikstad. Etter dette gjekk mobiliseringa raskt, og også folk frå nabokommunane hjalp til.

- Vi enda jo opp med 3.209 stemmer, som er fleire enn talet på innbyggjarar, så det er klart vi har fått god hjelp utanfrå. Mellom anna frå nabokommunane. Alle skal ha ein stor takk, seier Vaagen.

- Korleis har responsen vore under konkurransen?

- Mange meinte jo at slagordet var ganske herleg, og sjølvironisk. Det er vi einige i. Vi er ikkje så sjølvhøgtidlege i Sande, og har alltid vore avhengige av kontakta med omverda, både i forhold til handel og næring, og arbeidsmarknaden. Vi er godt nøgde med denne prisen, og eg trur den kan føre mangt godt med seg, seier ordføraren til slutt.

Retorikar Kjell Terje Ringdal analyserte vinnerslagordet under Nitimen si sending, og han sa dette om slagordet:

- Eg synest det er veldig fint fordi dei tek fram det vi kunne tru var deira svakaste side, nettopp at dei ligg utanfor allfarveg. Men dei snur det, og lyg på ein sann og sjarmerande måte.

Det var Ulsteinvik-baserte Tegneren Reklamestudio AS som i si tid leverte slagordet, og grafisk profil for Sande kommune.