- Vi tenkjer på dei tilsette

Island Offshore har gjort eit val som nok har fått nokre augebryn til å heve seg. - Vi tenkjer på dei tilsette, kommenterer viseadministrerande direktør tommy Walaunet.

Tommy Walaunet er viseadministrerande direktør i Island Offshore. Arkivfoto Anne Gry Eilertsen 

Nyhende

Island Offshore har gjort eit val som nok har fått nokre augebryn til å heve seg. – Vi tenkjer på dei tilsette, og dette var måten dei kunne halde på jobbane sine, seier viseadministrerande direktør Tommy Walaunet.

Ikkje ein einaste av dei 1.200 tilsette i Island Offshore har blitt oppsagde, og samlege av dei permitterte frå i vinter er tilbake i arbeid.

– Så langt har vi sleppt å seie opp folk, og det er både vi i leiinga og dei på båtane takksame for. Dei har gitt oss tilbakemelding på at dei er veldig stolte av å jobbe for eit reiarlag som gjer alt for sine tilsette, seier Tommy Walaunet, viseadministrerande direktør i Island Offshore Management.

Omflagging blei løysinga

For tida er det sjeldan kost å flagge om skip, og spesielt til norske flagg. Dette gjorde reiarlaget fordi Island Express, som seglar med norske flagg, fekk terminert kontrakten si med Total på britisk sokkel. Ei kontrakt som varte frå 2010 og fram til august i år. Det reiarlaget gjorde då var både dristig og kostnadskrevjande, men reiarlaget gjorde det for å unngå å måtte gå til permitteringar. Det var maritime.no som først skreiv om denne saka.

– Motivasjonen vår i dette tilfellet, var at når denne båten blei tatt av kontrakten sin, så måtte vi finne ein måte å halde dei 26 tilsette om bord i arbeid. Løysinga blei å flagge om skipet som låg i opplag i Portugal, til norske flagg, fortel Walaunet.

Island Duchess, som var i opplag i hamna i Lisboa, blei flagga om frå Bahamas til NOR. Så blei mannskapet på Island Express flytta over på Island Duchess før førstnemnde skip blei lagd i opplag.

– No er Island Duchess i Las Palmas, og konkurrerer om spot-kontraktar der nede. Det er ein særs tøff marknad å komme inn på, men vi har trua, seier Walaunet.

Han seier det er det store ønsket om å halde på kompetansen som gjorde avgjersla enkel.

– Vi vil ikkje ha eit fjerde skip i opplag. Om ein skal leggje økonomiske forhold til vurdering burde vi permittert. Men, vi trur at skal vi halde på den kompetansen vi har bygd opp