Ny storkontrakt til Kleven

ABB har kontrahert avansert farty for kabellegging hos Kleven.

Fartøyet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design på Stord.  

Nyhende

ABB og Kleven har skrive kontrakt om bygging av eit 140 meter langt spesialskip for kabellegging.

Kontrakten er på over ein milliard kroner, og er blant dei dyraste skipa Kleven har bygd.

Fartøyet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design på Stord.

- Dette prosjektet eit godt døme på at norsk design og skipsbygging vinn fram i tøff internasjonal konkurranse. Et tett samarbeid mellom ABB, Salt Ship Design og Kleven har resultert i eit framtidsretta og konkurransedyktig fartøy. Dette er ein svært viktig kontrakt for Kleven, i ei tid då det er langt mellom kontraktane innan norsk skipsbygging, seier administrerande direktør i Kleven, Ståle Rasmussen.

Mange lokale leverandørar er involvert, som Brunvoll, Hareid Group og ABB Marine i Ulsteinvik.

Fartøyet skal leverast frå Kleven Verft i 2017.

Kleven har no 15 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av vel 10 milliardar kroner.