Seminar med sterke historier

Fredag og laurdag denne veka vert seminaret "Over all forventing" arrangert i Ulsteinvik.
Nyhende

Det vert fleire sterke historier under seminaret som går føre seg på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Ein av dei som kjem, er Magne Skåden som var med i TV 2-dokumentaren "Mirakelet i Markbygda". – I 27 år har eg vore fanga inne i meg sjølv. No er eg endeleg fri. Det måtte eit amerikansk institutt til for å sleppe meg ut, fortel Magne Skåden. Han har skrive ei bok som heiter "Jeg er fri!". På omslaget til boka står der: "Det kan se ut som jeg gir faen i verden omkring meg. Det er ikke rett. Jeg ser og betrakter verden rundt meg. Jeg tenker, føler, ler og gråter selv om de autistiske trekkene skjuler eller vrenger de uttrykk dere ser. (...) Mitt liv har blitt drastisk endret. Jeg tror ikke jeg er den eneste som er fanget i meg sjøl. Derfor vil jeg fortelle min historie".

Sterkt møte

Øyvin Sønnesyn som er med i stiftinga LIVE ÅTTE, har møtt Magne Skåden tidlegare. – Eg hugsar at Magne sa: "Gløym det dykk ser. Eg er her inne", fortel Sønnesyn. Under seminaret skal Magne fortelje om sitt eige liv gjennom fasilitert kommunikasjon. Han får mellom anna hjelp av mor si, Asbjørg, til å styre pennen. – Magne kan formilde kunnskap frå "den andre sida". På grunn av sitt ytre har han vorte mistrudd av legevitskapen. Sist eg var på føredrag med Magne fortalde han ei sterk historie. Folk sat og grein, det gav eit enormt inntrykk, fortel Sønnesyn.

Hjernen og lærekapasitet

Anne Lene Johnsen som er tidlegare leiar i Mensa Oslo, kjem også til seminaret Ulsteinvik. Ho har mellom anna gjeve ut bøker om IQ, og ho har hatt ei fast hjernetrimspalte i Dagbladet Magasinet. – Johnsen set hjernen i fokus. Ho ser på korleis den menneskelege hjernen fungerer og kva kapasitet den eigentleg har, fortel Sønnesyn. Den tredje som kjem, er spesialpedagogen Heidi Aabrekk frå Sykkylven. Ho er mor til Simen (5 år) som har brukt Doman-metoden. Ho har også jobba med eit leseprosjekt for barnehagar. Leseprogrammet er utvikla for småbarn som er 1–2 år gamle. – Ho set fokus på kva eit barn kan lære. Ho er oppteken av kommunikasjon, og at barn har kapasitet til å lære, fortel Sønnesyn.

Fagseminar på fredag

Stiftinga LIVE ÅTTE har invitert dei som jobbar i helse og omsorg, samt dei som jobbar i oppvekstsektoren til fagseminar på fredag. Dei har sendt invitasjon til alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, samt Sula/Ålesund og høgskulemiljøa i Volda og Ålesund. Tidlegare denne veka var der 25 påmelde. – Det er framleis ikkje for seint å melde seg på. Det er berre å ta kontakt med oss, oppmodar Sønnesyn.

Ope laurdagsseminar

Laurdag vert det eit ope seminar med dei same føredragshaldarane, men med kanskje litt andre vinklingar. – Dette er ope for både elevane ved SUFH, og alle andre som har lyst å kome, seier Sønnesyn. – Kvifor arrangerer stiftinga LIVE ÅTTE dette seminaret? –Vår visjon er at vi gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid vil hjelpe menneske til å tre fram. For at det skal vere mogleg, er det viktig at dei møter omsorgspersonar både i barnehagar, skular og på omsorgsbustader som kjenner til ulike metodar for behandling.. Det er viktig at dei ser moglegheiter og ikkje avgrensingar, understrekar Sønnesyn.