- Mangla ein Joa

Ein skuffa Lars Arne Nilsen sa han heller ville tapt 7-8 treningskampar enn å tape akkurat i dag. 2-1-tap for Steinkjer i serieopninga vart årets første tap.

- Vi kunne heller tapt 7-8 treningskampar

Nyhende

- Nei, det var skuffande. Vi går opp til 1-0, og har eigentleg full kontroll heilt til vi scorar målet. Då byrjar vi å spele dei gode, og dei kjem meir opp i bana, fortel Nilsen.



- I andre omgang er vi ikkje med, held han fram.



Hødd starta kampen klart best. Dei hadde ballen mest og pressa Steinkjer. Dei store sjansane uteblei derimot i starten. Etter 25 minutt kom Hødd til sine to første store sjansar. Helge Edinsen var nære ved å skyte Hødd i leiinga på eit skot frå 18 meter, før Bendik Torset var nære ved å tuppe ballen i mål etter innlegg frå Oddbjørn Lie like etter.



Etter 32 minutt kom derimot den første scoringa på Guldbergaunet. Kazeem Ahmed fekk sette ballen enkelt i mål frå ein meter etter ein trippelsjanse. 1-0, og alt såg bra ut for Hødd.



- På 1-0 tenkte eg at dette her gjekk vegen, men vi gjer mykje rart og slepp dei tilbake i kampen, seier Nilsen.



Ingen unnskyldningar



For i andre omgang var Hødd ein skugge av seg sjølv. Steinkjer fekk angripe, og etter 55 minutt fekk heimelaget frispark. Frisparket frå venstre var godt slått, og i feltet fekk Bendik Bye stusse inn 1-1. Etter 67 minutt var same mann frampå igjen. Bye fekk skyte upressa frå 18 meter, og plasserte ballen fint ned i hjørnet til 2-1.



Trass i hardt Hødd-press mot slutten, enda det 2-1. Hødd sitt første tap vart eit faktum.



- Dei spelar ikkje strålande, men legg seg lavt. Det er ingen unnskyldningar, men vi kjem igjen neste og skal inn igjen på sporet, slår Nilsen fast.



- Det var kamp heile vegen, og det er ein jamn kamp vi taper 2-1. Men dette er ein kamp vi skal vinne. På ein dag som i dag hadde kanskje uavgjort vore eit rett resultat, seier han vidare.



- Joa er Joa



- Det er ein skuffa gjeng, men vi ristar av oss dette. Det er ein dårleg start. Det er ikkje meir å seie om det, seier hovudtrenaren.



- Mangla det ein Joa i dag?

- Ja, vi mangla ein Joa i dag.



Thomas Lid Kleppe, Andreas Rekdal, Martin Haanes og Anders Gaustad var alle heime med skader. Vegard Heltne låg heime med sjukdom. I tillegg var Hødd sin superspiss Joachim Magnussen - som scora hat-trick mot Herd i siste treningskamp - heime med sitt nyfødde born.



- Dei la seg lavt, og vi hadde ingen oppspelspunkt. Vi scorar eit mål uansett, men det er klart at Joa er Joa. Han måtte vere heime, og det respekterer vi sjølvsagt, og eg håper det går bra med han og familien, seier Nilsen.



Synd



- Det er fantastisk skuffande å ikkje ta tre poeng. Det går ikkje alltid vår veg, men det er synd at tapet skulle komme no.



- Vi kunne heller tapt 7-8 treningskampar, avsluttar ein veldig skuffa Lars Arne Nilsen.