Seier takk for seg i partiet

Tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes (79) frå Hareid har meldt seg ut av SV, partiet der ho har vore medlem sidan starten.
Nyhende

Det var etter partiets arrangement i Dragsund første mai i år at Widnes tok avgjerda. Denne veka sende ho brevet med utmelding, – utan noka vidare grunngjeving.

Men i samtale med lokalavisa fortel den tidlegare riks-, fylkes- og kommunepolitikaren at ho ikkje lenger kjenner seg heime i den kulturen som har vakse fram i partiet. Likevel er det først no at Widnes har sett på utmelding som eit alternativ:

– Det har vore vonbrot og motgang, gledelege opplevingar, sinne og sorg. Som pasifist har eg kjent vonbrota over krigsdeltaking i Afghanistan. Som eit menneske med trong til å seie mi meining og endå meir å skrive den, har eg vore i harde debattar. Men eg har aldri tidlegare vurdert å melde meg ut av samfunnet eller partiet, seier ho.

– Har sentralisert partiet

Widnes har vore usikker på regjeringssamarbeidet. Ho håpte det skulle føre til ei meir radikal dreiing av politikken.

– Men etter dette siste valet har partiet fått endå mindre å seie. Eg meiner SV burde ha gått ut av regjeringa og heller bygt opp partiet. Dette har nemleg vore mitt ankepunkt i mange år at i staden for å bruke krefter og pengar på å skolere partimedlemmene, har ein sentralisert partiet til å verte eit Oslo-parti, medan laga utover landet sovnar. Det er ingen glød lenger, og mange av dei som i dag soknar til SV, er så uskolerte at dei knapt veit kva partiet står for, hevdar Wisnes.

Episode

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til, var det ein episode under 1. mai-arrangementet til dei lokale SV-laga som var dropen som fekk begeret til å flyte over for Marie Lovise Widnes. Ho var beden om å lese dikt. Mellom anna hadde ho funne fram ein gammal dansk arbeidarsong. Reaksjonen på dette programinnslaget frå ein SV-leiar i regionen skal ha sjokkert den erfarne politikaren, diktaren og kulturarbeidaren.

I samtale med journalisten vil ikkje Widnes gå inn på dette. Likevel slår ho fast:

– Eg har aldri – før første mai i år – sett at eg som aldrande sosialist ikkje har noko sams med somme av medlemmene.

Stortinget

Marie Lovise Widnes var med i prosessen som gjorde Sosialistisk Valforbund til politisk parti under namnet Sosialistisk Venstreparti i 1975. I fleire tiår var ho aktiv i politikken på fleire nivå; mellom anna tre periodar i fylkesting og kommunestyre og ein periode på Stortinget. No har partiveteranen altså sagt takk for seg.

– Eg er ikkje lenger så viktig for partiet, men eg vil ha sjølvrespekten min upletta, varslar ho.