Delfin i Ulsteinvik

Dei siste dagane har fleire observert ein delfin i sjøen ved Strandabøen i Ulsteinvik. Joakim Svoren Årvik fekk fanga delfinen på film.

Vi har gjeve den eit namn. Det er Poseidon.

Bjørn Refsnes og Erle Nedrelid Strand
Nyhende
Sjå video nummer 2 her.

- Det er ikkje nise, fordi den er kvit under. Vi er heilt bombesikre, fortel Bjørn Refsnes og Erle Nedrelid Strand som i dag kontakta Vikebladet Vestposten.

Dei siste dagane har Erle på 12 og Bjørn på 9 fulgt delfinen, som har valgt å ta sommarferien på Strandabøen, frå husa sine ved sjøkanten. Mor til Bjørn Refsnes, Hedvig Haakonsholm, fortel at borna kom springande fordi dei meinte at ein hai hadde kome innom.

- Dei kom springande inn og ropte at det var ein hai i vatnet. Eg trudde sjølvsagt ikkje på dei, og sa dei skulle sjå etter krokodiller også, flirer Haakonsholm.

Vikebladet vart med dei to unge i båt, og fekk etterkvart sjå den omtalte delfinen. Den har funne seg godt til rette i sjøen mellom Kleven Verft og Strandabøen, og mange har allereie vore ute å speida etter den. Nokre har meint at fleire delfinar er i vatnet, men Haakonsholm meiner at det kun er ein delfin som har funne seg til rette.

- Når du ser den frå land, så ser det ut som to delfinar på grunn av bevegelsane til delfinen. Den snur seg veldig kjapt under vatn og finnane gjer at det kan sjå ut som fleire, fortel ho.

Bjørn Refsnes og Erle Nedrelid Strand har allereie namngitt den uvanlege gjesten.

- Vi har gjeve den eit namn. Det er Poseidon, fortel dei to.

- Kvifor har delfinen kome hit?

- Fisk, meiner 9 år gamle Refsnes.

Dei to unge fortel at delfinen har vore her i fleire dagar.

- Den har vore her ganske lenge. Kanskje tre dagar, seier dei.

- Slo oss til ro med nise

Joakim Svoren Årvik og kompisane var ute båt for nokre dagar sidan, og fekk auget på dyret.

- Vi trudde heilt først at det var ein delfin, men vi slo oss til ro med nise, fortel 21 år gamle Svoren Årvik.

Etterkvart fann dei ut at synet var litt meir uvanleg.

- Eg googla litt og fann ut at det var ein delfin, seier han.

Det dei trudde var ei nise, hadde kameratgjengen filma før dei visste det var ein delfin. Svoren Årvik kan fortelle om ein båtvennleg delfin.

- Den svømte saman med båten i stor fart, avsluttar han.

Svoren Årvik har sendt mail til Naturtelefonen, og har fått bekrefta at dyret er ein delfin.

Sannsynlegvis gulflankedelfin

Tommy Vangsmo ved Akvariet i Ålesund kan informere om at delfinar på våre trakter er eit uvanleg syn.
- Eg veit at det har vore eit par som har holdt til utanfor Brandal i nærleiken av oppdrettsanlegga. Det var vel kanskje i forfjor, fortel Vangsmo.

- Det er ikkje så vanleg, men det er noko som førekjem av og til. Vi er i alle fall ikkje plaga med delfinar her, legg han til.

Han fortel at det ein gong var funnen eit dødt eksemplar av delfintypen kvitkjeving.

- Dei streifar rundt av og til, og det var ein kvitkjeving som blei funnen død utanfor Sunnmørshallen for ei stund sidan.

Her i Ulsteinvik har folk sagt at dei har kunna klappa delfinen og teke på ryggfinnen. Vangsmo fortel at det er ein veldig kontaktsøkande delfin som er på besøk.
- Å kunne klappe dei er ikkje normalt, så det er ein kontaktsøkande krabat dette her då. Dei oppsøker folk, men å kunne ta på dei er uvanleg, kan Vangsmo fortelje.

Etter å ha sett video av delfinen, kan Vangsmo nesten slå fast at dette er ein delfin av typen gulflankedelfin (Delphinus delphis), tidlegare heitande vanleg delfin.
- Det er alltid vanskeleg å fastslå ut i frå video og bilete, men det ser ut som ein vanleg delfin, som i 2007 fekk namnet gulflankedelfin, seier Vangsmo.

- Er denne typen observert tidlegare?

- Ja, det er funne og observert nedover norskekysten, men det er ikkje normalt. Det var mest sannsynleg denne typen delfin som var utanfor Brandal óg, meiner han.

- Delfinar lev i flokk, men av og til tek dei seg ein tur. Det kan vere mange grunnar til, blant anna sjukdom og utstøyting, avsluttar Vangsmo.